Regional messe for elevbedrifter
Innlandet · 13.mars 2014
13. mars inviterer Ungt Entreprenørskap Oppland til elevbedriftsmesse for «nord-fylket». Arrangementet vil gå parallelt med fylkesmessa for ungdomsbedrifter, men for elevbedriftene blir det kun eit dagsarrangement torsdag 13. mars. Messa vil foregå på Otta - på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Prisutdelinga på slutten av dagen vil skje i Otta Kulturhus. Last ned med informasjon om priser og deltakere. |
|
Elevbedriftene konkurrerer i eigne kategoriar:
- Beste elevbedrift
- Beste innovative produkt
- Beste marknadsføring
Elevbedriftene skal ikkje sende inn noko materiell på førehand. Juryarbeidet vil foregå i løpet av sjølve messa.
Vinnarbedrifta i kvar kategori blir premiert med kr. 500,-.
Bedrifta som blir kåra til beste EB blir dessutan direkte kvalifisert til å delta på regionmessa for elevbedrifter i Region Øst tysdag 27. mai i Oslo. Arrangementet vil foregå i Næringslivets hus med NHO Oslo og Akershus som vertskap.
Vurderingskriterium
Beste elevbedrift
Kvar bedrift førebur ein maksimalt 4 minutt lang presentasjon. Denne framførast ved standen til juryen (og andre) på oppfordring. Juryen vil legge vekt på følgjande (25 poeng på kvart kriterium, og maksimalt 100 poeng):
- Produktkunnskap; kva kan elevane fortelle om produktet/tenesta?
- Marknadsføring; korleis har elevbedrifta marknadsført seg?
- Lagånd/samarbeid; korleis jobbar elevane saman?
- Prosesskunnskap; kva kan elevane fortelle om dei ulike fasene i elevbedriftsperioden?
Beste innovative produkt
Juryen vil legge vekt på følgjande (25 poeng på kvart kriterium, og maksimalt 100 poeng):
- Korleis oppstod ideen?
- Er det noko ved vara/tenesta som er originalt/nyskapande?
- Er det behov for vara/tenesta i marknaden?
- Er det ein eigen idé?
Beste marknadsføring
Juryen vil legge vekt på følgjande (25 poeng på kvart kriterium, og maksimalt 100 poeng):
- Har bedrifta laga ei brosjyre, kvalitet på denne
- Sosiale medier: I kva grad har bedrifta brukt sosiale medier i marknadsføringa
- Har bedrifta laga nettside og/eller reklamefilm, kvaliteten på denne
- Kvaliteten på stand/utstilling på messedagen
8.30 | Morten Shakenda ønsker alle God morgen i Kultursalen |
Frå 8.30 | Rigging av stand |
9.15-12.00 | Åpen messe i foajeen ved Otta Kulturhus |
10.00-11.00 | Kommunikasjon og problemløsning v. Morten Gray. Foredrag for lærere og andre interesserte. |
12.00-13.00 | Nedrigging og rydding |
13.00-14.00 | Prisutdeling i Kultursalen |
Navn på EB | Skole | Forretningsidé | ||
Xplosiv EB | Skåbu oppvekstsenter | Skåbukalenderen. Garasjeopphengsskinne. | ||
Attraktiv EB | Skåbu oppvekstsenter | "Når enden er god er allting godt" - ein serie humoristiske skjerefjøler forma som ulike dyrerumper. | ||
R.O.L.F EB (Redesign Og Livleg Fantasi) | Skåbu oppvekstsenter | Utvikle kombinert skohorn og brannalarm-sjekkar. Utvikle souverniren "Skåbu-magneten". | ||
Vågå EB (forskjellige bedrifter) | Vågå u.s. | Kaker og tradisjonsbakst, handarbeid, vedhogst, snømåking og diverse gardsarbeid. | ||
Barnevakten EB | Otta u.s. | Være barnevakt for barn mellom 1 til 12 år. | ||
Barnas restaurant og aktivitetsdag EB | Otta u.s. | Aktivisere barn fra 2.-5. klasse på planleggingsdagen. | ||
Woop EB | Otta u.s. | Ideen er å lage et tastatur som har snarveier til sosiale medier. | ||
OL Otta LAN EB | Otta u.s. | Ideen er å lage et LAN der alle kan komme og ha det moro og spille sammen. |
Registrering
Alle elevbedrifter skal registrere seg før opprigging av stand. Dette skjer i UE sitt sekretariat rett ved hovudinngangen til messeområdet.
Rigging av stand
Det er inga vaktmesterteneste tilgjengelig for deltakarane under messa. Alt elevbedrifta treng til rigging av stand, må takast med. Dette gjeld eksempelvis saks, tråd, tape, og liknande. Det vil heller ikkje finnast bord og stolar til utlån på Otta. Dette må eventuelt medbringast. For dei som har behov for straum, ta med eigne skjøteledningar (minimum 10 meter) og forgreinarar. Hugs å oppgi om de treng straum ved påmelding.
Avfall
Det vil ligge søppelsekkar på kvar stand. Alt avfall skal i denne, og den skal stå igjen på stand når de reiser frå messa.
Messeveggar
Utstillingsveggane er faste og skal brukast fleire år. Derfor er det reglar for kva som er aktuelt å bruke på dei, og dette er noko alle må forholde seg til.
Veggane er kvitmåla sponplater, som er hengsla saman. Veggelementa er sjølvberande. Dei plasserast i 90 graders vinkel. Høgda er 2,0 m og breidda på sideveggane er 1,16 m. Veggane er 12-25 mm tjukke.
Det er ikkje tillatt å bruke skruar eller spikar i veggane. Det er heller ikkje tillatt å benytte sterk tape som fjernar målinga når ein fjernar tapen. Vanlig tape er ok.
Det er mulig å lage ei list til å legge på toppen av veggen. Ta f.eks ei list som er så tjukk at de kan lage eit spor i den (12,5 mm). Denne lista kan leggast ned på toppen av veggen, og de kan spikre eller tape med sterk tape på denne. Lista skal etter endt utstilling bli tatt ned igjen (altså ikkje spikrast fast) og bli tatt med av elevbedriften.
Dette er veggplassen hver UB har til disposisjon:
Garderober
Det er ikkje garderobeplass på messeområdet.
Mat
UE Oppland spanderer lunsj på elevbedriftene (blir levert på stand). Hugs å oppgi eventuelle allergiar ved påmelding.
Sal av varer og tenester på messa
Alle elevbedrifter som gjer sal på messa, må hugse på å gi nummerert kvittering til kjøpar.
Internett
Elevbedriftene har ikkje muligheit til å koble seg på trådlaust nett på messa. Har ein behov for Internett på messedagen, må ein sjølv ta med mobilt breiband.
Messeområde - standplassering
Elevbedriftene får tilvist plass ved ankomst.
Opprydding på messa
Når messa er slutt, skal standane riggast ned.
Dette inkluderer:
1. Ta bort alt som de har påført veggane.
2. All søppel skal i utlevert søppelsekk. Standen skal vere rein når de reiser.
3. Veggen skal de la stå. UE organiserer bering.
Ingen reiser frå standen sin før UE har godkjent ryddinga!
Hovedsamarbeidspartnere for Fylkesmessa 2014 er:
|
|
|
|
|
|