Økonomi og rekneskapskurs for ungdomsbedrifter
Sogn og Fjordane · 21.november 2013
Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til økonomi og rekneskapskurs for ungdomsbedrifter.
Representantar frå Sparebanken Sogn og Fjordane vil halde presentasjon om relevant rekneskapsføring, og legge opp til praktisk gruppearbeid.
Tidspunkt : torsdag 21.november kl 10.00 – 13.00
Kurset vert arrangert 3 ulike stader i fylket på dame dag. Hugs å velje plassering når de melder på ungdomsbedrifta. De kan i utgangspunktet melde på så mange elevar de vil pr. bedrift, men vi må ta forbehold om antal plassar så det er ikkje sikkert at alle vil få plass på kurset. De vil få melding frå oss på kor mange som får plass når søknadsfristen er ute.
Kursstader og frammøtestad:
Sogndal : Sogndal vidaregåande skule – møt opp ved hovudinngang – kurset går i Trollsalen
Nordfjordeid : Eid vidaregåande skule – møt opp ved hovudinngang
Førde : Sparebanken Sogn og Fjordane i Førde – møt opp i foajeen
Det vert lunsjpause kl 11.30, så ta med matpakke.
Ta gjerne med påbegynt budsjett og eventuelle billag.
Påmelding :
Påmelding skal skje via denne nettsida :
http://uesf.no/index.php?option=com_bfsurvey_pro&view=onepage&catid=18&Itemid=33
Påmeldingsfrist : Fredag 15. november 2013
For meir informasjon, eller spørsmål om kurset ta kontakt med :
Eivind Husabø
Tlf. 415 30 660
eivind.husabo@ue.no